Attende
Motor
Gearolje
Attende


Kontroll av nivå

                                                   


MANUELL

  • Bilen må vera parkert på flatt underlag, og motoren må vera kald.
  • Dra oppor peilepinnen (under reservehjulet) og turk av han med eit papir.
  • Set han forsiktig i att (bruk lykt) og vent litt.
  • Dra han oppor att, og les av oljenivået. Det skal vera mellom dei to målestrekane.
  • Er det for lite fyller du på litt, er det for mykje tappar du ut litt.                                                                                                        


Kontroller oljenivået 3-4 gonger i året.


Oljeskift

Tips: Kanskje vil synkroniseringen vara ein god del lenger på 4-trinns gearkasse, om du bruker olje berekna på C-matic.

Botnpluggar Botnpluggar Hårete botnpluggar.


MANUELL

  • Med varm motor; tapp ut oljen.
  • Fjern metallspon frå botnpluggane, reingjer og set dei i att.
  • Bruk ei trakt og fyll på ny olje.
  • Vent 10 minuttar, skift gear 10-12 gonger, og kontroller nivået.                             


Oljepåfylling Oljepåfylling
Det er enklast å fylla på olje der ryggelysbrytaren sit. Hugs å reingjera godt før du skrur han ut.

• Dersom du lit på produktet, kan du blanda inn 10–15% Pro-Long® Olje+ i den nye gearoljen. Det vil sannsynlegvis gje mindre motstand og langt mindre slitasje i gearkasse og transmisjon.

Gearolje MANUELL 4 GEAR MANUELL 5 GEAR
Type • SAE 80 EP
• TOTAL TRANSMISSION 75W/80W
• TOTAL EP 80
• TOTAL TRANSMISSION 75W/80W
Mengd 1,6 liter 1,75 liter
Diff. min/maks på peilepinnen 0,15 liter 0,15 liter
Tal botnpluggar 2 2
Stramming botnpluggar 4 mdaN (40 Nm) 4 mdaN (40 Nm)



Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional