Attende
Interiør
Innetak
Attende


Problem

Innetaket har byrja losna.


På Break kan innetaket enkelt takast ut gjennom bakluka.
På Berline må det ut gjennom eine bakdøri.

Riv av det gamle og skrap vekk skumgummien med stålbørste.
Lim på nytt med lim som ikkje luktar, t.d. 3M spraylim. Kontaktlim er ikkje å anbefala. Golvlim skal ogso kunna brukast. Ikkje bruk for mykje lim, slik at det trekker gjennom. Legg plastposar med vatn i oppå fordjupningane for å få jamnt press. (Bruk to posar inni kvarandre for å vera sikker på å unngå lekkasje.)

Før du monterer taket att bør du vurdera om du skal legga opp meir ledningar (leselampar for baksetepassasjerane, ekstra bremselys etc.). Sameleis om du vil lydisolera. Tynne asfaltplater kan brukast, men pass på å festa dei godt, og ver merksam på at dei kan gje frå seg lukt når bilen står i solsteiken. Du kan ogso legga eit lag med 8mm brannsikker filt, dette vil gjera bilen mindre varm om sommaren.


Til nytt innetak kan du bruka so mangt, men det må ikkje vera brannfarleg. Tjukt ullteppe kan vera bra.




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional