Attende
Interiør
Bakdør Break serie 1
Attende
Framsida Motor Eksos Hydraulikk Fjøring Styring Drivaksling Framaksling Bakaksling Bremser Elektrisk Interiør Eksteriør Diverse
Dør Innetak Framseter Baksete Hanskerom Midtkonsoll Ventilasjon Avtrekkar Vasslekkasje
Framdør Bakdør Armlener
Serie 1
Bakdør   Bakdør
Propp Propp
Dra dei to proppane ut med neglene (ikkje bruk skrujern el.l.).
FORSIKTIG! Det er veldig lett å skada desse. (Sjå skrekkeksempelet oppanfor.) Skru ut skruane og ta av handtaket.

Dra ut låsehendelen.
Bakdør   Bakdør

Stikk inn eit flatt skrujern, bend bøylen oppover og dra ut hendelen.
Ikkje bend bøylen so langt oppover at han dett av.

I tilfelle du har sveiv for vindaugsheisen, tek du av denne på same måten.                                
Bakdør

Set tape på eit breitt flatt skrujern (eller helst bruk ein avtrekkar) og bend forsiktig laus dørpanelet. Hekt det oppor og ta det av.

(Her ser me at dei kvite plastplatene er delvis lause.)

Ta av plastplatene og alle tapebitane. Samt evt. plastklips som måtte henga att.                                
Bakdør   Bakdør

Set på plass att plastklips og foringar som måtte mangla.
Plastklipsi vrir du på plass med ei tang.                                                                
Bakdør

Reingjer med whitespirit og kleb på asfaltplater der dei raude pilene viser.
Bruk varmluftpistol for å få platene mjuke.

Set på nye skumplastplater der dei grøne pilene viser. Fest dei med dobbelsidig tape på dørsida (inni).

Reingjer inni botnen av døri, og kontroller at dei 3 dreneringsholi er opne.

Kontroller at ledningane er heile der dei går gjennom døri og inn i dørstolpen.

Smør og kontroller dørlåsen. Smør på godt med antirustolje (Owatrol eller motorsagkjedeolje) inni døri, spesielt nede. Bruk radiatorpensel med langt skaft.
Bakdør

Reingjer dørsida med whitespirit og kleb på att plastplatene og set tape over alle hol.
Tape fast ledningen.

Hekt dørpanelet på plass att, kontroller at ALLE plastklipsi er kome inn i holi og klem panelet på plass.

Monter hendlar og dørhandtak.
NB! NB! Vær SVÆRT forsiktig når du set i skruane til dørhandtaket, IKKJE press dei innover! (Den lange skruen oppe, den korte nede.)



Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional