Funksjon
Ved å løysa skruen fjernar du trykket i det hydrauliske systemet.
Men hugs at det fortsatt er trykk på bremse- akkumulatoren.
Lufting
Du bør av og til lufta det hydrauliske systemet ved å opna
lufteskruen og lata bilen gå på tomgang
5-10 minuttar. Stram deretter lufteskruen og heis bilen heilt opp og heilt ned 5-6 gonger.
Løys og stram lufteskruen att.
Set bilen i normalhøgd.
|
|
For å fjerna trykket skal skruen løysast 1 - 1½ omdreining.
Han må ikkje takast heilt ut, for då kan du mista kula som ligg inni der.
|
|
A D V A R S E L
I dei tilfella der du må skru på lufteskruen med motoren i gang,
må du vera veldig forsiktig
so du ikkje kjem bort i drivreimene.
Stå stødig, og hald deg godt fast. Ikkje lause klær,
skjerf, slips, langt hår etc.
Heller ikkje langt skjegg, for då kan du få det motsatte av ansikts- løfting...
(Er det her uttrykket "lang i maska" kjem frå...?)
|
|