Attende
Bakaksling
Smørjeniplar
English


Problem

Lageri på bakhjulsopphenget kan vera i ferd med å bli øydelagde.


• For å hindra vidare øydelegging, eller som reint førebyggande, er det lurt å pumpa inn grease.
• Etterfyll med grease 2 gonger i året.


Montering av smørjeniplar

Smørjenippel

Jekk opp bakenden og set bilen på bukkar. Ta av bakhjulene, og lat høgdereguleringen bli ståande på høgaste stilling.

Bor hol (ha grease på boren), lag gjenger, og monter smørjeniplar.

Pump inn grease (av beste kvalitet). Viktig: Pump med rolege bevegelsar (slik at lufti får tid til å sleppa ut), og stopp med ein gong det blir veldig tungt å pumpa (det skjer brått).

Lager
Teikningane er lånt frå delelista til Citroën CX



Smørjenippel Smørjenippel

Det einaste som går an å koma til med her, når ein skal laga gjenger, er skralle.

Smørjenippel

Skru smørjeniplane forsiktig på plass, slik at gjengene ikkje blir øydelagde.
(Klikk på biletet for å sjå det større.)




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional