Attende
Fjøring
Transport
English


Transport av ein nedsegen CX er ikkje enkelt. Det går ikkje an å slepa utan fjøring, og det kan vera vanskeleg å få han opp på biltilhengar utan å skrapa nedi. Det går an å få han opp i frå, men du vil fortsatt ikkje ha meir fjøring enn du får av dekki.                                                                                                


Framme                                                

  • Jekk opp fronten.
  • I motorrommet (bak hydraulikkpumpa og på andre sida): Stikk inn 10cm firkantrøyr (ca 5x5cm) el.l. Må vera solide.
  • Slepp ned att fronten.                                                                         

• Det kan kanskje ogso gå an å ta av kulene og stikka oppi passeleg lange runde røyr, og so skru kulene på plass att. Men det gjeld då at desse røyrene ikkje forårsakar skade.

Bak                                                

  • Jekk opp bakenden på bilen og ta av hjulene (ikkje heilt nødvendig, du kjem til likevel, iallfall på breaken).
  • Fjern gummipakningane (stikk eit flatt skrujern under kanten og bend dei ut).
  • Stikk inn 10 cm firkantrøyr (ca 3 x 4 cm) el.l. slik som den raude firkanten viser.
  • Etter avslutta transport: Ta ut firkantrøyrene og bank gummipakningane på plass att med hammar.

Bak Bak

På hengar                                                

Hengaren må vera lang nok. Ikkje avstand framhjul – bakhjul på CX'en som skal oppå, men avstand frontstøytfangar – bakhjul.
I eit "nødsfall" kunne du kanskje ta av bakhjulene og legga dei under bakre jekkfester, med noko mjukt imellom (fjøl med sitje/liggeunderlag på begge sider t.d.). Du måtte då sjølvsagt sikra bakenden ekstra godt mot å gli sidelengs.

• Ikkje rygg CX'en oppå; då blir hengaren altfor baktung.




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional