Attende
Fjøring
Framme
English

Problem

Dårleg eller manglande fjøring framme.

Kontroll

Start bilen og lat han vera i normalhøgd.
Ta tak i hjørna av støtfangaren og løft opp. Du skal no utan alt for store anstrengelsar kunna løfta fronten 20-25cm. (Eller få naboen til å gjera det, slik at du ikkje skadar ryggen..;)
Gjenta på den andre sida.


Skifting av fjøringskuler framme                                  Kule Kule

  • Start bilen og vent til han har heist seg opp. Slå av motoren.
  • På venstre side: Kopla frå ledningane til ryggelysbrytaren og løft opp ledningbunten (du må kanskje ogso skru laus eine hornet).
  • På høgre side: Løys dei to skruane som held dieselfilteret, løft opp heile dingsen og legg han forsiktig bort til reservehjulet.
  • Løys kulene nokre cm med ei oljefiltertang. [Du kan i staden slå eit lite hakk i kulene med hammar og meisel, setja meiselen i hakket og banka til kulene har skrudd seg opp 1-2cm. MEN — hugs at kulene inneheld gass under trykk; sprikk dei blir det katastrofe!]
  • Senk bilen til nederste stilling.
  • Kjenn etter om kulene er lause (eller rettare sagt festet til kulene); dei skal kunna bikkast litt fram og tilbake. Sit dei fast, kan du ta ein garasjejekk inn under fronten på bilen og heisa han litt opp. Då bør dei losna.
  • Skru av kulene med hendene. Bruk gummihanskar for å få bedre grep.
  • Ta ut dei gamle pakningane, ha LHM på dei nye, og press dei godt på plass (ikkje på kulene, men der kulene skal skruast på plass).
  • Smør på eit tynt lag med grease på kontaktflatene på kulene og skru dei på plass. Stram so godt du klarer kun med hendene, ikkje bruk hjelpemiddel.
  • Legg på plass att ledningbunten og kopla til ryggelysbrytaren.
  • Set på plass att dieselfilteret.

Vanskeleg?

Nei, dette er relativt enkelt. Men problem kan oppstå om ein eller annan dust har skrudd fast dei gamle kulene med tang...

NB! Hugs vernebriller!




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional