|
Dersom startmotoren går veldig sakte rundt, eller ikkje går rundt i det heile, kan
det vera at batteriet er flatt. Du kan i sofall prøva med startkablar.
Dersom motoren ikkje startar, men startmotoren går i full fart, er batteriet i orden.
|
|
Korrekt bruk av startkablar
- Kopla den
raude
ledningen til pluss på begge batteri.
(Forsiktig - ikkje støyt borti nokon av bilane med kontaktane.)
- Kopla den eine enden av den
svarte
ledningen til minus på batteriet på den eine bilen.
- Kopla den andre enden av den
svarte
ledningen til ein metalldel på motoren
på den andre bilen, i god avstand frå batteriet.
- Start hjelpebilen og gje gass.
- Start bilen med flatt batteri.
- Kopla den
svarte
ledningen frå motoren i den eine bilen.
- Kopla den
svarte
ledningen frå minuspolen på batteriet i den andre bilen.
- Kopla frå den
raude
ledningen.
|
|
|
Startkablar finst i ulike kvalitetar.
Dårlege kablar er alt for korte,
alt for granne, og har alt for svake klyper.
Gode kablar er av «lastebiltypen». Dei er lange, grove og har
kraftige klyper. På dieselbil er desse dei einaste som fungerer.
|
|