Attende
Eksteriør
Panser
Attende
Framsida Motor Eksos Hydraulikk Fjøring Styring Drivaksling Framaksling Bakaksling Bremser Elektrisk Interiør Eksteriør Diverse
Panseret Dører Bakluke Tak Fronten Støytfangar Frontruta Hjul Diverse


Når du let att panseret skal du alltid sleppa det ned, aldri klemma det att!


Det er to typar panser; før og etter 1981. Det eldste har spyledyser i bakkant. Det nyaste er forandra rundt låsen framme, for å få plass til dei to kulane til kjøleviftene (som vart flytta lenger fram for å få plass til turbo).


NB! Aldri lat nokon setja seg på panseret, det toler det ikkje!


Kontroll

                                                                         


  1. Ta panseret ned til du kjenner låsebøylen tek nedi, og slepp det. Panseret skal no låsa seg, men ikkje gå heilt att.
  2. Hald panseret 25 cm opp i frå og slepp det. Panseret skal no gå heilt i lås. Du skal alltid lata att panseret på denne måten (pass på at ikkje nokon får fingrane i klem).


Før du let att panseret må du alltid kontrollera at det ikkje ligg att verkty o.l. i motorrommet. Sjå ogso etter at alle lok er på: LHM, olje, frostvæske, spylevæske.


Problem

Det går ikkje an å få opp panseret.                                                                          


Lag ein slik dings av ei metallstong (diameter 5mm).

Stikk han opp frå undersida framme og prøv å opna låsen.                                                                    

Opning av panser
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX


At panseret ikkje let seg opna, skuldast vanlegvis at vaieren har roke eller strekt seg.




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional