Attende
Diverse
Vinter
Attende

Snø

VINTEREN kan by på mange utfordringar, ogso for ein CX.

CX'en er god til å ta seg fram på vinterføre, av di han har trekk på framhjulene, og har prosentvis mykje vekt på desse. Sameleis kan han heva seg over snøen (terrengstilling).

Men – om det lavsnør blaut snø, kan det bli problematisk. Friskluftinntaket snør att, slik at frontruta byrjar dogga. Det bygger seg opp snø under vindusviskaren. Og lyktene kan bli dekka av snø (ikkje kjekt når det er mørkt).
CX'en kan ogso vera skummel på sporete og sørpete veg, av di bakhjulene sit tettare saman enn framhjulene. Bakenden kan spretta sidelengs som eit skot, spesielt om lageri på opphengsarmane er dårlege. (Då er det inn med clutchen i full fart og lynrask korrigering med rattet!) Av denne grunn burde du kanskje ha beste dekki (piggdekk, naturlegvis) bak om vinteren. Men på den andre sida vil dette kunna gje lenger stoppstrekning, spinning i motbakkar, og du vil kanskje gå beint i svingane. Det beste er om alle dekki er like gode, so slepp du ta stilling til problemet. Men som konklusjon: ALLTID beste dekki framme!

Når du køyrer på såpeglatt is, og merkar at bakenden brått går sidelengs i svingen (overstyrer), må du gje gass, ikkje bremse! Og MÅ du bremse, bør du pumpebremse medan du korrigerer med rattet. Og for all del ikkje stivna til, då går det gale! Slapp av (er so enkelt at;). For å unngå å havna i denne situasjonen, passar du på å bremse ned til passeleg fart FØR svingen, og so gjev du litt gass slik at du dreg deg forsiktig gjennom.
Får du derimot det motsatte problemet, at bilen prøver å gå beint i svingen (understyrer), trør du inn clutchen medan du bremser FORSIKTIG, slik at det blir meir vekt på framhjulene.
— Bremsene dine er naturlegvis i PERFEKT stand, med EKSAKT lik bremsevirkning på kvar side! (Eller...?)


Du kan setja snødeksel på friskluftinntaket, men i praksis fungerer det dårleg. Det er bedre utan. Men hugs på at når du sopar snø av bilen, må du ogso opna panseret og fjerna snøen som har lagt seg på friskluftinntaket.


Kva du bør ha med i bilen

Ein del ting er det sjølsagt å ha med seg heile året, som vognkort, varseltrekant, refleksvest, skademeldingsskjema, penn, mobiltelefon, våtserviettar, brannsløkkar, førstehjelpsutstyr, mynter til parkering etc. Samt verkty, pumpe, startkablar, reserve LHM, olje, frostvæske etc.
Brillebrukarar må ha gamlebrillene liggande i hanskerommet i eit solid etui.

Kva du i tillegg må ha med om vinteren

  • Pledd (eitt til kvar passasjer).
  • Varmedress.
  • Hovudlykt (diodelykt) pluss ekstra batteri.
  • Tynne fingervottar pluss eingongs vinylhanskar.
  • Vinterfora arbeidshanskar.
  • Kjetting.
  • Spade.
  • Isskrape og kost.
  • Slepetog.

Ikkje heilt naudsynt kanskje, men...

  • Ekstra slepetog.
  • Ein liten handvinsj.
  • Sag (av den typen ein rullar saman og har oppi ein liten rund boks).
  • Nødproviant (kjeks).
  • Drikkevatn.

Om du skal over ein fjellovergang i dårleg ver...

  • Full tank.
  • Soveposar.
  • Talglys (gjerne kubbelys inni minilanterne) pluss fyrstikker. (Hugs at skumplasten i seti er ekstremt brannfarleg!)
  • Rikeleg med mat og drikke.
  • Kjøkkenrull.
  • Våtserviettar.
  • Toalettpapir.


Dersom du sit og hutrar og skjelv medan du køyrer, er du ein dårleg sjåfør. Og dersom frontruta byrjar å dogga/isa blir du livsfarleg!
Bruk kupévarmar!


Oppstart

Bruk motorvarmar og kupévarmar, gjerne i kombinasjon med batteriladar (må vera av den typen som koplar ut automatisk når batteriet er fullada).

Fjern all snø frå bilen før du køyrer. Ogso på taket, for om du får ein bråbrems kan alt saman havna frampå frontruta, slik at du brått får null sikt.

Skrap is av alle ruter og fjern evt. dogg.

Skrap is av frontlyktene.

Ha på deg tilstrekkeleg med klær, slik at du ikkje blir sitjande og frysa, om du startar opp i kald bil.

Det er viktig å vera vinterkledd, sjølv om du startar i glovarm bil. Tenk deg føljande: Du køyrer av vegen, og blir sitjande fastklemt med knuste ruter. Då ville det ikkje vera særleg kjekt å sitja der i berre skjorta. Ha gjerne ogso nokre pledd liggande i baksetet slik at du kan få tak i dei, om du skulle havna i ein slik situasjon.



Snø

Svettlapp

Om du skal opp ein bratt bakke og byrjar spinna

ALDRI lat nokon setja seg på panseret (det blir bulkar!) for at det skal bli meir vekt på framhjulene! Må heller ikkje stå på støytfangaren; festi er garantert so sundrusta at dette blir dropen!

Prøv eit høgare gear, prøv å spinna deg opp, rygg ned att og ta tilfart, set på kjetting, sprut på dekklister, prøv å rygga opp, stopp og vent litt slik at dekki kjølnar, vent til det blir sommar;)


Om du køyrer deg i grøfti

Slepp CX'en heilt ned, slik at snøen under blir klemt flat. Heis han so heilt opp i øverste stilling, legg rattet heilt over, og spinn/gyng deg opp på vegen att. (Sjå opp for annan trafikk!)

Ein vinterdag køyrde eg meg skikkeleg fast i ei grøft i tunet til broderen. Han såg på CX'en som låg der, nesten velta i grøfti, og var meint på å henta Subaruen for å dra meg laus, men rista so på hovudet og gjekk for å henta ein traktor i staden. Då han kom med den, hadde eg heist opp CX'en og kome meg laus att ved eigi hjelp!


Køyring på djup snø

Ha CX'en i normalhøgd, slik at han brøyter. Går ikkje det, kan du prøva å heva han til terrengstilling.




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional