Attende
Diverse
Vask
Attende

Vask bilen ofte. Ventar du for lenge mellom kvar gong, blir det mykje tyngre å ta att, spesielt på nedre del av dørene.


• Bilen må ikkje stå i soli når du vaskar.


Vanleg vask                                                                                          


  • Spyl bilen med kaldt vatn.
  • Fyll opp ei bøtte med lunke vatn og ha oppi litt bilshampo.
  • Vask med svamp eller kost.
  • Spyl med kaldt vatn.
  • Turk vekk vassrestane med eit pusseskinn.                                           

Car Wash


Storvask                                                                                          


  • Sprut på avfeitting og vent litt.
  • Spyl godt med kaldt vatn.
  • Spyl hjulhus (bruk oppvaskkost forsiktig til å løysa fastgrodd grus og grums) og undersida av bilen med kaldt vatn (IKKJE bruk høgtrykksspylar).
  • Fyll opp ei bøtte med lunke vatn og ha oppi oppvaskmiddel.
  • Vask grundig med svamp eller kost.
  • Spyl godt med kaldt vatn.
  • Vask inni døropningane (tynn, godt oppvridd svamp).
  • Turk vekk vassrestane med eit pusseskinn.
  • Vent til alt er turt.
  • Ha på silikon på alle gummi- og plastdetaljar (viktig at dette blir gjort før polering).
  • Poler lakken (ogso inni døropningane).
  • Ha på lakkforseglar.


• Dersom du ikkje polerer med ein gong etter bruk av avfeitting og oppvaskmiddel, vil lakken kunna ta skade.

• Spyling av hjulhus og under bilen er mest effektivt etter ein lang køyretur i ausande regnevêr.


Motorvask                                                                                          


  • Motoren må vera kald eller lunken, ikkje varm.
  • Dekk dynamoen, luftinntaket til motoren og eventuell fordelar med plast.
  • Sprut på avfeitting og vent 10 minuttar.
  • Bruk div. kostar (oppvaskkost, radiatorkost, tannkost etc.) dyppa i avfeittingsvæske og gå laus på alle krikar og krokar (VERNEBRILLER).
  • Spyl med kaldt vatn (IKKJE høgtrykksspylar). Ikkje få vatn oppi hydraulikktanken og ikkje få for mykje vatn øverst på torpedoveggen.
  • Turk vekk vassrestane med ein klut og vent til alt er turt.
  • Ha silikon på alle plast- og gummidetaljar.
  • Ha syrefritt feitt/kontaktspray på elektriske kontaktar.
  • Poler lakkoverflater.
NB! Hugs å fjerna plasten! (Dynamo, luftinntak etc.)


• Dersom du høyrer det kokar/syder/boblar etter du er ferdig med å spyla, kan der vera fordi det har kome vatn inn i eit relé.
Lokaliser reléet, dra utor ledningane, og monter nytt (hugs Vaselin el.l. på kontaktane).

• Dersom du vel å bruka oppvaskmiddel, bilshampo, såpe el.l. må du IKKJE få det på eller i nærleiken av drivreimene. Dei vil byrja å slura noko forferdeleg.




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional