Attende
Diverse
Varseltrekant
Attende


Under CX
...Ja, det er folk som har vorte klemt i hel under sin Citroën...


Varseltrekant


Varseltrekanten advarer deg mot å utføra dette arbeidet sjølv, dersom du ikkje føler deg 100% kompetent.

Får du andre til å gjera det, må du ikkje berre tru, men vera heilt sikker på at dei kan utføra arbeidet på ein fullt ut forsvarleg måte. Dette gjeld både verkstader og privatpersonar.


V I K T I G

Når du skal under bilen —
A L L T I D
sikra med 4 bukkar

(bilen KAN siga ned
veldig fort)
OG bruk vernebriller!

Pass ogso på at bilen står på heilt flatt underlag.


Bukkar                                                    


Om du plasserer 4 bukkar under jekkfesti, kan bilen tippa framover og gå på nasen! Dette gjeld spesielt berline med 2,5 liters motor. Dei fremste bukkane må difor plasserast lenger framme.


• CX-en er veldig framtung, avdi motoren er plassert heilt fram i fronten.

Bukk • Legg alltid noko mjukt mellom bukken og bilen. T.d. ein treklosse.


Ramper                                                    


Skal du ha bakhjulene på ramper, må rampene sikrast, slik at dei ikkje kan gli når du ryggar oppå. Bruk t.d. to fjøler mot ein vegg.
Skal du oppå med framhjulene, går det vanlevis bra om rampene står lause.

Ikkje stol på rampene; dei kan kollapsa. Bruk difor alltid to bukkar (ekstra høge) til sikring.


Sikkerheit                                                    


Når du reparerer på bilen, tenk heile tida sikkerheit.

Når du går frå arbeidet, pass på at det ikkje ligg ting som ungar kan skada seg på. Trekk ut støypsel, ta ut bor frå boremaskiner, fjern sagblad frå elektriske sager, gøym vinkelsliparen etc.



Hendene                                                    


Unngå å få skader på hendene, bruk hanskar. Til grove operasjonar; vanlege arbeidshanskar. Til småputl; montørhanskar eller eingongs vinylhanskar (om vinteren tynne fingervottar med vinylanskar utanpå). Om du ikkje vil bruka hanskar, bør du smørja hendene godt inn med ein feit krem eller matolje før du startar arbeidet, då vil ikkje olje og ureinheiter setja seg so godt fast.





Sveising                                                    


Pass på at du ikkje blir "sveiseblind".
Pass ogso på andre menneske og dyr i nærleiken; set opp ein skjerm mellom dei og sveisearbeidet.


Pass på å ikkje brenna deg; sveisearbeidet er farleg varmt lenge etter at du er ferdig med å sveisa.


Vinkelslipar                                                    


Bruk kraftige hanskar, vernebriller og høyrselsvern.
Når du legg frå deg vinkelsliparen må du alltid legga han med skiva vendande opp.


Brannfare
Pass på kvar gneistane havnar.




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional