Attende
Diverse
Sikker i CX
Attende


Det som står med raud skrift lenger nedover på sida her er henta frå
CITROËN CX TECHNICAL DESCRIPTION
RELATIONS PUBLIQUES CITROËN


Til å vera sopass opp i åri, er CX'en ein ganske sikker bil. Dels på grunn av sine glimrande køyreegenskapar, lynraske og presise styring, og særdeles effektive bremser. Dernest på grunn av vekt og lengde, og at han er bygd på råme.

Men i tillegg til dette er det ting du kan gjera sjølv for å få ein enno sikrare køyretur. Først og fremst må du avpassa farten etter køyretilhøva, og sjå på alle medtrafikantar som store idiotar som kan finna på dei mest vanvittige ting. (Men vera høfleg, og behandla dei meget pent likevel;)


Vedlikehald                                                                        

Hald CX'en i god stand. Og bruk gode dekk, dei er det einaste på bilen som har kontakt med vegbana. Bruk piggdekk om vinteren.

Kontroller frambremsene ofte.

Dashbord                                                                        

Spar knærne Serie 1: Ved å fjerna alle dei harde metalldelene under dashbordet, vil forhåpentlegvis knærne få det betre i ein eventuell kollisjon. Lim på mange lag med lydisolasjon, og avslutt med svarte eller koksgrå tekstilgolvmatter (t.d. frå Classic Parts). Om du ogso vel å flytta tenningslåsen til midtkonsollen slik som her, må det som blir att rundt rattstammen polstrast MEGET godt.

The glove compartment is designed for knee-cap safety. Its thin sheet-steel structure acts as a damper, thus reducing stress on the thigh-bones. (Dette trur me vel berre slik passeleg på. Og kneskålene vil sannsynlegvis treffa på sidene av hanskerommet, og der er det ingen ting som gjev etter.)

Du kan ogso fjerna hylla over rattet, den har sylskarp kant som det ikkje ville vera noko stas å smella ansiktet nedi.

Nøkkelknippe Kva skjer med venstre kne i ein kollisjon om du har hengande eit svært nøkkelknippe her?

Nøkkel Betre slik.

Sikkerheitsbelter


• Kanskje på tide med nye belter snart?

• Kolliderer du i 50 km/t og tullingen i baksetet ikkje har belte på seg, får du minst 5-6 tonn i ryggen. Det overlever verken du eller han.

A L L T I D

bruk belte (det har du god tid til å ta på deg medan CX'en hevar seg), og stram det godt langt ned på magen (VIKTIG!). Og pass på at

A L L E

passasjerar har festa beltet FØR du set bilen i bevegelse.



...det blir so forferdeleg

G R I S E T E

inni bilen om du kolliderer og nokon ikkje har belte på seg...

Seter
Nakkestøtter
                                                                       

Ha setet sopass langt framme at du ikkje kan få strake føter ved kraftig oppbremsing. Då vil knærne fungera som dei er tenkt (forhåpentlegvis ogso ETTER ein eventuell kollisjon).

The forward seats were medically designed in shape and composition so as to ensure optimal physiological comfort and to keep the base of the body (pelvis) of the occupant or occupants, retained by their safety belts, in position, avoiding the «submarining» effect in case of impact.

Hugs å justera nakkestøtta korrekt (ikkje for lågt).

Du kan forbedra nakkestøttene, sjå her.

Bagasje                                                                        

Ikkje lat lause gjenstandar flyta rundt i bilen, og spesielt ikkje på hattehylla. Ved bråstopp kan det bli som å få ei SLEGGE i bakhovudet.

I bagasjerommet på berline ligg ting bra trygt, men legg tunge gjenstandar heilt framtil bakseteryggen, og sikra dei gjerne ogso med reimer.
A protective sheet of steel in the boot, fixed to the rear shelf, prevents objects from shooting forward into the cabin in case of impact.

I bagasjerommet på break MÅ alle gjenstandar sikrast med nett og reimer. Det er 4 fester for reimer, med nedslege baksete 6 (hugs å fella opp beskyttelsesplatene!).

Sjølv lette og uskuldige gjenstandar vil bli veldig tunge ved kollisjon i 50 km/t. Ei tom halvliters plastbrusflaske blir nesten 10 kg, er ho full blir ho nesten 50 kg!

Ekstra bremselys                                                                        

Monter ekstra bremselys (med dioder). Ikkje berre blir det tydelegare at du brukar bremsene; det ekstra bremselyset vil ogso reagera raskare. Dioder lyser nemleg opp øyeblikkeleg, medan glødelamper er trege.

Rust

Flatbrød Dumt spørsmål:
Ville du lika å kollidera i ein bil laga av flatbrød?

I tilfelle kollisjon vil rusta deler kollapsa, det er difor svært viktig å halda bilen mest mogeleg rustfri. Spesielt gjeld dette dørtersklane. Og har du sideskjørt på bilen, kan du vera garantert at det er fullt av rusthol under desse. So av med sideskjørt og ut med interiøret, og finn fram sveiseapparatet.
Kraftige dørtersklar er ogso svært viktig i tilfelle du blir påkøyrd frå sida.

The body side members comprise a web of thick sheet steel. Over and above the flexional rigidity it provides, it acts as a stabilizing factor for the whole on impact. These members continue towards the rear, thus providing extra protection for the rear-axle subframe.

Ta ogso med det same og kontroller a-stolpane og golvet framfor framseti.

The body base is made up of a single pressed-steel part with intermediate cross-members providing strong restraint for the under part of the cabin.

Dørterskel Dørterskel Bileti er lånt frå ein ADAC kollisjonstest (ikkje av CX), for å visa kor viktig det er med kraftige dørtersklar.

Kollisjon

Støytfangar Biletet er lånt frå FIFTH GEAR for å visa kor viktig det er med kraftig støytfangar. Bilen på biletet er ein liten bil (Renault Modus) som har kollidert med ein stor bil (Volvo 940). Volvoen gjekk det verre med.

Kanskje lurt å forsterka støytfangaren?
I tilfelle kollisjon vil kreftene bli fordelt meir ut over heile fronten av bilen.

Deformasjonssoner
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX


Dei raude områdi bør vera so kraftige som råd. Dei grå felti er deformasjonssoner.
I kupeen bør alt vera mjukt og gje etter om du støyter borti, medan skalet rundt (torpedovegg, dører, dørtersklar, golv, tak etc.) må vera so sterkt som råd.

Vatn                                                                        

Om du køyrer av vegen og havnar på fjorden er det berre ein ting som gjeld: Kom deg ut so fort som råd! Etter at bilen er heilt under får du ikkje opp dørene før han har sokke ned på botnen. Dette skuldast at det utvendige trykket aukar heile tida medan bilen søkk. Det hjelp ikkje om kupeen er heilt fylt med vatn; dørene går ikkje an å få opp før bilen har lagt seg til ro. Og er det djupt kan dette bli alt for lenge. Dersom bilen er kome heilt under vatn er det einaste du kan gjera å opna eller knusa ei siderute so fort som råd.

Ha ein nødhammar plassert slik at du kan finna han i blinde. Bruk han til å knusa ei siderute. Han kan ogso brukast til å skjera av sikkerheitsbelter.



Chinese car crash test failure
Vw Bus Crash Test
What about that VW t3 crash test?



Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional