Attende
Diverse
Serie 1 • Serie 2
Attende

Ved overgangen til ny serie (serie 2) skulle me vel tru at me no fekk ein bedre bil, men nei. Han vart vel sjåande meir moderne ut, men ogso meir alminneleg.

Utvendig erstatta dei stålstøtfangarane med plaststøtfangarar, som ikkje heldt seg fine særleg lenge. Og dei sette på simple plastskjørt på sidene, i staden for metallskjørti som var på enkelte serie 1-modellar. Lyktene vart av skrøpeleg plast.

Innvendig bytte dei rundt på alle brytarane på instrumentkonsollen, slik at dei fekk ein plassering som samsvarte meir med vanlege bilar. Og dei sette inn vanlege runde instrument. Varme- og ventilasjonshendlar, høgderegulering og radio vart ogso stokka om frå perfekt til mindre heldig plassering. Attpåtil vart høgdereguleringen gjort elektrisk, og dermed lite driftssikker. Lite driftssikker vart ogso reguleringen av varme mellom golv og tak. Og no vart den kun opp eller kun ned. Seti gjekk frå å vera mjuke og behagelege, til å bli ganske harde. Rattet vart noko tjukkare. Dei nye dørsidene fekk mykje dårlegare lydisolerande effekt. Og for at ikkje alt dette skulle vera nok, so kom det no ogso falske trepanel og falske saumar.

Serie 1 TRD Break -85
Serie 2 TRD Break -86
Brytarar                                                
Lys: Tostegs brytar under høgre side. Lyshorn: Høgre side. Nær/fjern: Oppå høgre side (fungerer glimrande).
Vindusviskar: Under venstre side. Spyling/intervall i same brytar.
Horn: Venstre side. [På serie 2 sit her nær/fjern, so når ein har gått frå serie 2 til serie 1, vil møtande trafikk først få seg ein bært, og deretter blir det blenda ned...]
Alarm: Under venstre side. (Stikk sopass langt ned at det av og til går hardt ut over venstre tommelfingernegl når ein skal setja nøkkelen i tenningslåsen.)
Vindaugsheis: Framme: På midtkonsollen. Litt trong plassering pga den svære pølsa rundt gearstongi. Bak: Som på serie 2; bak på midtkonsollen.
Lys: Tostegs brytar under venstre side. Lyshorn + nær/fjern: Venstre side (fungerer slik passeleg).
Vindusviskar: Under høgre side. Spyling/intervall: Oppå høgre side.
Horn: Høgre side.
Alarm: På høgre side, nedanfor intrumentkonsollen.
Vindaugsheis: Framme: For begge sider nede på førardøri. For høgre side nede på passasjerdøri. Bak: Som på serie 1; bak på midtkonsollen.
Deksel over bakhjul                                                
Deksel av metall. Dei er festa med ein tapp bak, ein styretapp som går rett opp, og ein bolt i framkant som går inn i ein påsveist mutter. Boltane til Break er lenger enn dei til Berline.
Deksel av plast. Dei er festa med ein tapp bak, ein styretapp som går rett opp, og ein bolt i framkant som går inn i eit hol i dekselet. Boltane til Break er lenger enn dei til Berline.
Dørpanel                                                
Solide heildekkande plastpanel. God lydisolasjon. Har ein tendens til å sprekka når dei blir gamle.
Dels plast, dels stoff, i fleire bitar. Samt litt kunstig tre. Dårleg lydisolasjon.
Hjul                                                
190/65 HR 390 T                                                
195/70 R 14 91H                                                
Høgderegulering                                                
Spak mellom framseti. Mekanisk, meget påliteleg.                                                
Ein fiklete liten brytar framfor gearstongi. Elektrisk, dårleg driftssikkerheit.
Instrumentpanel                                                
Sokalla badevekt, med bakbelysning. Meget bra.                                  
Med runde klokker, av den typen ein finn på vanlege bilar. Pent tillaga, men kjedeleg. Oversikt over bilen der ein ser om dører, panser og baklok er ope, samt om handbremsi står på.
Lykter                                                
Skikkelege metallreflektorar. Solide og pålitelege. Stikk langt inn i motorrommet.
Med ekstra langlys. Plastlykter, øvre feste ryk lett, og sameleis pærefestet for ekstralyset. Skrammel, ikkje ein CX verdig.
Midtkonsoll                                                
Varme/ventilasjonsregulering (med termostat) i form av 3 spakar attmed handbremsi. Fungerer glimrande.
Meget bra plassering av radio i framkant. Stygg klump av eit (heilt unødvendig!) oskebeger over denne.
Meget pen konsoll. Varme/ventilasjonsregulering (med termostat) i form av 3 hjul i framkant av konsollen. Ein må strekka seg etter dei, og bruka augene for å sjå korleis ein stiller dei, dårleg løysing.
Radioen er plassert attmed handbremsi. Trafikkfarleg, og lett å få søl oppi.
Motorrom                                                
Lyktespylartank: Pose inni høgre framskjerm, motor ved vindaugsspylartanken.
Lyktespylartank: Bak vindaugsspylartanken, tett mot torpedoveggen.
Seter framme                                
Mjuke og behagelege.                                                
Bra, men harde. God sidestøtte.                                                
Speglar ute                                                
Plast. Kan regulerast innanfrå, mekanisk. Ikkje oppvarma.
Plast. Meget bra synsfelt. Kan regulerast innanfrå, elektrisk. Oppvarma. Byrjar pipa intenst når ein kjem over 90.
Utvendig                                                
Antenne: Blank.
Sidelister: Svarte lister med smal blank stripe.
Sideskjørt: Ingen.
Støytfangarar: Metall. Påsett kraftige gummilister.
                                               
Antenne: Svart.
Sidelister: Svarte lister.
Sideskjørt: Plastskjørt. (Rustfelle.)
Støytfangarar: Plast. Avsett plass til ekstralys nede.
                                               



Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional