|
|
Diverse
- Få laga deg ekstra nøklar, og ha dei originale som reserve.
-
Ha med dette i bilen:
- Varseltrekant.
- Refleksvest i setelommen til passasjersetet.
- Vognkort og 2 skademeldingsskjema, samt penn.
- Litt førstehjelpsutstyr i ein pose
(munn-til-munn-maske, plaster, enkeltmannspakke etc.).
- Jekk + sveivi til jekken (plasserast i reservehjulet).
- Komplett sett med brukte, men heile drivreimer
(plasserast i botnen av reservehjulet).
- Reserve LHM, olje og ferdigblanda frostvæske (plasserast i motorrommet;
LHM i reservehjulet, frostvæske nede mellom batteriet og lykti, olje bak
vindaugsspyletanken eller annan egna plass).
- Slepetog.
- Startkablar (til diesel bør dei vera av lastebiltypen).
- Sikringar og reservepærer, samt lommelykt (hovudlykt med diodepærer er best).
- Div. verkty (fastnøklar, skrujern, umbraconøklar etc.).
- Kabelskotang og div. kabelsko, el.tape etc.
- Elektrisk pumpe.
- Om vinteren: Varmedress, pledd, isskrape, kost, spade, kjettingar.
- Dersom du brukar briller: Ha gamlebrillene liggande i hanskerommet i eit kraftig etui.
- Legg aviser under golvmattene, og under matta i bagasjerommet, og byt dei ut ofte.
(Gjerne etter kvar gong bilen har vore utsett for vatn.)
|
|
|