Hjul på ville vegar
--DET VAR VEL rundt 1996; eg gjekk i tankar om å skifta ut Pallasen med ein break.
Gear- kassen i Pallasen var byrja laga eit fæla spetakkel, og eg hadde lyst på meir plass.
For barne- vogni var tungvindt å få inn, ho måtte først klappast flat, og so måtte hjulene av.
Og det vart ogso mykje anna pikkpakk å dra på når ein hadde småe.
|
|
|
--
Prøveturen
--Ein lokal forhandlar hadde ein 86-modell ståande, og jonsok- afta skulle me prøvekøyra. Me trilla barnevogni rett inn,
og la avgarde heile familien. Men det var ikkje lenge før me tykte det vart ein merkeleg vibrasjon
i bilen. Og so, i det me køyrde forbi ein treg bubil i ein slakk og oversikteleg høgresving,
fekk me sjå ei hjul fara sprettande langt bortetter ei slåttemark. Bilen vart brått svært låg på
venstre sida framme, og det kom ein fæla gneistasprut. I staden for å bremsa ned, valde eg å fort- setja,
og svinga meg inn på ein sideveg til venstre litt lenger framme. Då hadde CX'en sakka farten so mykje
at han stoppa av seg sjølv.
--Ut for å inspisera, og heilt korrekt; ikkje noko
framhjul, men derimot ei heilt nedslipt bremse- skive! (Ho hadde gjort jobben, nemleg bremsa ned farten... ;)
|
|
|
--Like etter kom det ein i full fart for å hjelpa til.
Han hadde sett det heile frå
verandaen sin, og hadde nok fått ettermiddags- kaffien i vrangstrupen. I bilen hadde han
to låge jekkar, og med hjelp av dei fekk me heist opp CX'en. Me fann
hjulboltar oppi reservehjulet, og fekk hjulet på plass att.
--Medan me dreiv på, kom bubilen tuslande attende.
Han keik fælt, og so køyrde han att.
--Me takka hjelpesmannen so mykje, og so bar det i sakte
fart attende til forhandlaren. Der var det til å lessa
barnevogn og diverse pikkpakk attende i Pallasen (som no verka ekstra trong), og gje seg avgarde
til jonsokfeiring att.
|
|
|
--
Kvifor losna hjulet?
--På vårparten hadde for- handlaren skifta til sommardekk, men ikkje funne hjulboltane til desse (lettmetallfelgar), og
sett i dei alt for korte boltane som sto i stålfelgane. I tillegg mangla det to boltar, so dei hadde sett i berre
4 i kvar framhjul. Måtte jo gå gale. I ein vanleg bil ville ein kjent vibrasjonane i rattet, men det
gjer ein jo ikkje på ein CX! :)
--Eg kjøpte breaken, og var godt nøgd med den. Men i byrjingi måtte eg stadig ut for å kontrollera
at hjulboltane sat fast (for kona tykte rett som det var at eitt eller anna byrja vibrera... :).
* * *
|
|