Kort beskrivelse
|
|
|
CX finst hovudsakeleg i tre variantar.
- Berline. Dette er den vanlege personbilen. 4 dører, og bagasjerom som er heilt adskilt frå kupeen.
- Prestige (bensin) og Limousine (diesel) er lenger (like lange som Break) med tilsvarande betre plass for føtene
til baksetepassasjerane. Ogso høgare under taket (som i break) og meir luksuriøse inni.
- Break. Varebil, stasjonsvogn og 8-setar (Familiale).
Motor og hjuloppheng er montert på hjelperåme. Motoren (kun rekkefirar) er tverrstilt og plassert framfor framakslingen.
2,0 til 2,5 liter; både bensin og diesel. 2,5 (bensin og diesel) ogso med turbo. Drift
og handbrems på framhjulene. Hydraulikk på føljande:
- Fjøring. Automatisk nivåregulering både framme og bak, og luftfjøring (nitrogen).
- Bremser. Meget kraftig bremsevirkning, og bremsepedal nesten utan vandring.
- Styring. Diravi; ekte servo utan mekanisk overføring, 2,5 omdreiningar mellom fulle rattutslag og automatisk retur
til midtstilling.
Kun ein vindaugsviskar som sveiper over heile frontruta, med spyling innebygd i viskaren (på dei tidlegaste modellane var det
spyledyser på panseret). Skjermar som dekker bakhjulene (desse må takast av ved hjulskift).
Reservehjul i motorrommet.
Tenningslås på venstre side av rattet, og alle dei viktigaste brytarane plassert slik at dei kan nåast utan å
fjerna hendene frå rattet. Badevekt-instrument (vanlege instrument på GTI Turbo og på alle serie 2).
Spakar for varme og ventilasjon mellom seti (lenger framme på serie 2). Spak mellom seti for å regulera
køyrehøgd (normal og terreng, pluss heilt oppe og heilt nede) (elektrisk brytar på serie 2).
|
Og kvifor er so Citroën CX betre enn vanlege bilar?
|
|
|
Citroën CX serie 1
|
Vanlege bilar
|
|
For å byrja med dørhandtaki
|
Meget stilige, og dei sit stødig på plass.
Du trykker med tommelen mot ein knott for å opna.
|
På dei fleste bilar gir dørhandtaket etter når
du tek i det, og er døri då litt fastfrosi, so får
du følelsen av at du slit sund heile greia.
(Og at det er rett før du røskar av deg neglene;)
|
|
Seter og sitjestilling
|
Du set deg ned i bilen, i eit meget komfortabelt sete.
Og du sit behageleg bakoverlent, som i ein sofa.
|
Du set deg inn i eller opp i ein hard kjøkkenstol.
Og sitjestillingen er ogso som på ein kjøkkenstol.
|
|
Varme og ventilasjon
|
Tre spakar mellom seti, som kan brukast i blinde, ettersom alle har unik utforming.
|
Virvar av hendlar som ein må strekka seg etter, og bruka augene for å kunna stilla inn. Luftstraumen kjem
ofte ut alt for høgt oppe, slik at ein får han rett i augene.
|
|
Instrumentkonsoll
|
UFO-følelse, badevekt-instrument, alle hendlar kan nåast utan å ta hendene frå rattet.
Alle varsellampar på ei ryddig rekke.
Brytar for retningslys, utan automatisk retur.
|
Kjedelege runde instrument. Knappar og hendlar strødd rundt omkring.
Pinne for retningslys, med automatisk retur. Retningslyset sler seg dermed aldri av på korrekt tidspunkt.
|
|
Tenningslås
|
På venstre side av rattet.
|
På høgre side av rattet. Dermed har høgre kne lett for å koma i konflikt med nøkkelknippet.
Og i tilfelle kollisjon, vil det vera vanskelegare for redningsmannskap å koma til for å skru av tenningen.
|
|
Ratt og styring
|
Eineika, uforstyrra utsikt til instrumentkonsollen.
Progressiv, lynrask og direkte styring (kun 2½ omdreiningar mellom ytterpunkt).
Fullstendig hydraulisk (ingen mekanisk overføring), og absolutt
ingen følelse med framhjulene gjennom rattet.
Når du slepper rattet går det attende til midtstilling ogso når bilen står i ro.
|
To- eller treeika, nesten so ein ikkje får plass til hendene.
Kun servoassistert, indirekte og langsom styring. Rattet går ikkje automatisk attende til midtstilling.
|
|
Spyling
|
Innebygd i viskaren. Og friskluftinntaket er plassert frampå panseret, slik at det garantert ikkje
blir lukt inni bilen.
|
Spyling frå to dyser på panseret. Friskluftinntaket er plassert i nedkant av
frontruta, slik at ein får ei forferdeleg lukt inni bilen. Blir ein stoppa i kontroll,
kan ein tilogmed risikera å blåsa raudt! Og politimennesket vil stikka nasen inn gjennom
ruta og bemerka at:
Jaha, her luktar det farkenmeg sprit!!
|
|
Bremser
|
Bremsepedalen sit lågare enn gasspedalen, er difor rask å koma til. Pedalen
har nesten ikkje vandring, og er meget lett å dosera. Fronten på bilen sig ikkje ned, sjølv ved
meget kraftig oppbremsing. Bremsene er ekstremt kraftige,
so risikoen for å bli påkøyrt bakfrå er absolutt til stades. Bakbremsene
er lastavhengige.
Handbremsene virkar på framhjulene, og er meget effektive. Dette er faktisk ein av dei få bilar
der handbremsene verkeleg fungerer som nødbremser.
|
Bremsepedalen sit ofte høgare enn gasspedalen, slik at ein må løfta foten for å kunna
bruka han. Ein risikerer dermed å hekta fast skoen om ein ikkje løfter foten høgt nok.
Pedalen har forferdeleg lang vandring, og har ein svampete følelse. Bremsevirkningen er moderat,
og spesielt tyngre bilar går på nasen ved kraftig oppbremsing.
Bilane brukar ogso bremsevæske som er svært giftig, og som syg vatn frå lufti,
dette kan føra til katastrofe.
|
|
Fjøring og
køyreegenskapar
|
Luftfjøring (nitrogen) med automatisk nivåregulering (hydraulisk). Framragande køyreegenskapar, avansert framhjulsoppheng.
Fartsdumpar merkar ein nesten ingen ting til.
|
Spiralfjører. Stumpete fjøring. Stor variasjon i køyreegenskapar frå tomt til fullt lass,
der lyktene lyser opp i tretoppane.
På enkelte modellar kan lyktene regulerast frå førarplass, men kor nøyaktig blir det?
Og dersom ein har regulert lyktene med tom bil,
for so å lessa han full slik at bakenden omtrent tek nedi, og dette skjer på dagtid, kven hugsar då
på å regulera lyktene ned att?
|
|
Konstruksjon
|
CX'en har hjelperåme, noko som isolerer kupeen effektivt mot lydar/vibrasjonar frå hjuloppheng og motor.
Bilen blir ogso ganske vridstiv på den måten.
|
Har ikkje råme/hjelperåme, slik at lydar spesielt frå hjulopphenget trenger inn i kupeen. Køyreegenskapane
kan ogso bli forringa ved at bilen er mindre stiv.
|
|
Diverse
|
Reservehjulet ligg i motorrommet, med jekken oppi.
Skifting av hjul er meget enkelt. Det er berre å heisa bilen opp i øverste
stilling, setja jekken under fremre jekkfeste, jekka litt opp, og so er begge hjul på den sida opp i frå.
Ved køyring i ulendt terreng kan ein heva bilen opp i terrengstilling.
Og om ein køyrer seg fast om vinteren, kan ein først sleppa bilen heilt ned, for so
å ta han heilt opp i øverste stilling, og spinna seg laus.
|
Reservehjulet ligg vanlegvis under matta i bagasjerommet, eller er festa under bagasjerommet.
Tungvindt/grisete.
|
Er vanlege bilar betre enn Citroën CX på noko vis?
Tja, det kjem jo an på augene som ser. Nyare bilar vil jo kunna ha betre passiv sikkerheit i form
av airbagar o.l., men den aktiv sikkerheiti er jo langt viktigare, og der er CX'en uslåeleg.
Men, som med alle gamle bilar, HALD BILEN RUSTFRI! Ein gjennomrusta bil vil kollapsa i ein kollisjon.
Nyare bilar vil ogso kunna ha betre lydisolering i form av doble dørpakningar t.d., men det er
ikkje noko problem å lydisolera ein CX til han blir nesten lydlaus.
|
Citroën CX
leirdal.info
|