Attende
Bremser
Lufting
English


Frå 9/1976


• For å lufta bremsene bør ein helst vera 3 stykker.

• Lufteniplane kan sitja ganske godt fast, og det er fort gjort å glippa og skada dei om du brukar fastnøkkel el.l. Bruk i staden ei wisegrip-tang som du fester i oppreist stilling. Stram tangi so mykje som du klarer, ta eit godt tak med begge hender, og vri forsiktig. (Om du prøver å festa tangi sidelengs vil du få so mykje kraft på ho at du risikerer å bryta av luftenippelen.)


Framme

  • Jekk opp fronten på bilen og set han på bukkar.
  • Løys lufteskruen.
  • Ta av framhjulene.
  • Set gjennomsiktige slangar på lufteniplane. Ta enden på slangane opp i ein rein behaldar.
  • Hald bremsepedalen nede og løys lufteniplane.
  • Start motoren og pass på heile tida å halda fullt trykk på bremsepedalen.
  • Steng lufteskruen og luft til det kjem ut rein LHM utan luftboblar.
  • Steng lufteniplane og slepp deretter bremsepedalen.
  • Fjern slangane frå lufteniplane og trykk bremsepedalen heilt ned. Kontroller at lufteniplane ikkje lek.
  • Slå av motoren.
  • Set hetter på lufteniplane (viktig!).


Bak

  • Set hødereguleringen på lågaste stilling.
  • Løys lufteskruen.
  • Vent til bilen har sege heilt ned.
  • Jekk opp bakenden på bilen og set han på bukkar.
  • Ta av bakhjulene.
  • Set hødereguleringen på høgaste stilling.
  • Set gjennomsiktige slangar på lufteniplane. Ta enden på slangane opp i ein rein behaldar.
  • Løys lufteniplane og trykk bremsepedalen heilt ned.
  • Steng lufteskruen.
  • Start motoren og pass på heile tida å halda fullt trykk på bremsepedalen.
  • Luft til det kjem ut rein LHM utan luftboblar.
  • Steng lufteniplane og slepp deretter bremsepedalen.
  • Fjern slangane frå lufteniplane og trykk bremsepedalen heilt ned. Kontroller at lufteniplane ikkje lek.
  • Slå av motoren.
  • Set hetter på lufteniplane (viktig!).



Lufting
Ver forsiktig med lufteniplane, dei er fort å knekka av.

Hetter
Set hetter på lufteniplane.


Alternativ                            


Det går ogso an å lufta på ein annan måte:

Kopla 4 lange gjennomsiktige slangar på lufteniplane og før desse til LHM-behaldaren. Dermed kan du lufta so mykje du vil utan å forbruka LHM. Men pass på føljande:

  • Høgdereguleringen må stå i øverste stilling.
  • Sikra slangane (slangeklemmer el.l.) slik at dei ikkje kan detta av.
  • Kasser den første misfarga LHM'en som kjem ut.
  • LHM'en må gjennom eit filter før han går ned på behaldaren att.




Bremsepedalen                            


For å sleppa å ha nokon til å bremsa, kan du i staden setja ei fjøl flatt mot framkant av setet, og ein pinne frå fjøli og bort på bremsepedalen. (Set pinnen mot bremsepedalen og enden av fjøli, og dra deretter pinnen bort til midten.)



Fjøl Merk fjøli og pinnen og legg dei på ein stad du finn dei att.




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional