Ha for vane å løysa og stramma
lufteniplane kvar gong du skifter sommar/vinterhjul.
På den måten får du litt LHM ut i gjengene slik at dei ikkje rustar fast.
Og hugs å setja på hetter.
Problem
Avbroten luftenippel.
Å få ut biten som sit att kan vera vanskeleg. Det kan fungera å varma han kraftig opp, slå i ein torx-bits el.l.
og skru ut når han har kjølna att.
Det enklaste kan vera å skifta til ein annan kaliper med OK luftenippel (bak).
Framme vil det vera nok å byta halvkaliperen, dersom du har same type.