Stramming / justering
Er bremseskivene byrja bli tynne, vil det vera vanskeleg å få handbremsene stramme nok.
Skift i sofall til nye bremseskiver. (Bremseskivene skal vera minimum 18 mm tjukke.)
NB! Dersom dei to boltane som skal halda bremseskiva på plass er vekke (knekt av),
må bremseskiva låsast fast med hjulboltane (ikkje boltar til aluminiumsfelgar; dei er for lange).
Til justering av 4x11 kan du bruka eit stort flatt skrujern eller
ei firkantsyl der tuppen er filt vekk. Eller lag deg spesialverkty av 4,5mm tjukt metall:
|
|
Teikningane er lånt frå servicemanualen til Citroën CX
- Jekk opp fronten på bilen, set han på bukkar, ta av framhjulene og set gearspaken i fri.
- Handbremsene må vera av.
- Skru av låsemutter og justeringsmutter på vaier begge sider (2stk 11mm fastnøklar + liten skiftenøkkel
el.l. til å halda fast enden på vaieren).
- Løys 4x17 (17mm).
- Juster 4x11 (med klokka sett bakfrå), først på utsida, deretter på innsida og
stram 4x17. (4x11 skal strammast/vridast akkurat so mykje at ein lett klarer å vri rundt
bremseskiva med hendene med litt motstand. Pass på å ikkje ta innpå bremseskiva, hald mot kantane.)
- Vipp opp loket attmed gasspedalen. Juster vaierane med justeringsmutterane slik at kraftfordelaren
attmed gasspedalen ikkje blir ståande på skeive. Set på låsemutterane.
- Kontroller at du kan vri bremseskivene rundt med hendene, og at dei (bremseskivene;) er heilt reine.
På lettmetallfelgar kan det skje at enden på vaieren skrapar borti felgen. I sofall kan
du prøva å korta inn den vesle stillskruen
litt (2stk 8mm fastnøklar) og justera på nytt. Går ikkje det heller, kan du dra utor vaieren
og tre på nokre stoppskiver, eller ein muttar el.l.
|
|
|