Attende
Bremser
Bak berline
English


• Berline har vanlege bremseskiver bak.


Bakbremsene er ikkje alltid so mykje i bruk, og har lett for å "gro fast". Dei må difor kontrollerast med jamne mellomrom. Og ta gjerne nokre kraftige nedbremsingar når du har tungt lass.

Bremseklossane må ha tilstrekkeleg med bremsebelegg, og må kunna bevega seg fritt.

Bremseskivene må vera blanke på begge sider, og tilstrekkeleg tjukke.                                                        


Bremsebelegg
Min. 3 mm

Bremseskive berline
Min. 5 mm                                      


1 Brake caliper
2 Brake disc
3 Set 4 brake pad (bremseklossar)
4 Caliper piston
5 Piston seal
6 Piston seal
7 Caliper seal
8 Centring pin
9 Shoe spring
10 Guard sheet met
11 Disc protector
12 Pin
13 Pin

Bakbrems

Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX


14 Drain screw (luftenippel)
15 Bleed screw cap (hette for luftenippel)
16 Capscrew
17 Caliper screw
18 Retaining pin
19 Capscrew
20 Capscrew
21 Piston washer
22 Plain washer
23 Spring washer
24 Fixing washer
25 Nut
26 Nut


Skifting av bremseklossar


  • På caliperen er det eit deksel (10) festa med ein lang bolt (18). Løys bolten litt og pirk laus dekselet med eit flatt skrujern.
  • Skru av mutteren og dra ut bolten medan du klemmer bøylen (9) litt inn.
  • Ta ut bremseklossane.
  • Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
  • Legg inn 2 tynne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar (for å beskytta bremseskiva). Bruk eit stort skrujern el.l. og press begge stempel heilt inn. Ta ut kryssfinerplatene.
  • Set i nye bremseklossar (pass på at bremsebelegget vender mot bremseskiva). Klossane må kunna bevega seg fritt.
  • Legg bøylen på plass og set i bolten (ha litt koparpasta på begge). Skru mutteren litt på.
  • Set på dekselet og stram til.
  • Køyr inn bremseklossane.

Bakbrems Caliper med avteke deksel.


Skifting av caliper                                                


  • Skru av hydraulikkrøyret.
  • Ta ut bremseklossane.
  • Skru ut dei to boltane som held caliperen på plass.
  • Ta av caliperen (pass på å ikkje få hydraulikkvæske på bremseskiva).
  • Reingjer den nye caliperen og press inn begge stempel.
  • Bruk ei fil og fil opp området der bremseklossane skal bevega seg.
  • Skru på caliperen. Stram 4.5 mdaN (45 Nm).
  • Skru på hydraulikkrøyret.
  • Monter bremseklossane.
  • Luft bremsene (med bilen i øverste stilling).


• Fram- og bakbremsene er uavhengige.

• Bakbremsene er lastavhengige. Til tyngre lass du har, til kraftigare bremsevirkning vil du få.

Skjema
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX

Deksel Deksel


Reparasjon av bremseskjold

Bremseskjoldi kan vera ganske gjennomrusta, so det er best å få ordna dei jo før jo heller. Du tek dei av ved å skru ut tre små boltar. Dersom desse er fastrusta, er det fort gjort å vri dei av. I sofall borer du opp nytt hol og lagar nye gjenger.

Skrap vekk all laus rust med eit gamalt hoggjern og puss med stålbørste. Ha på rustbehandling, og deretter grunning el.l. Dersom der er hol, kleber du fast aluminiumstape på begge sider av desse. Og so to lag med svart lakk, og evt. eit lag understellsbehandling.

Når du monterer må du passa på at den øverste og nederste skruen (19) vender mot deg (at du ikkje set dei i frå baksida). Og at bremseskjoldet er snudd rett veg (om du tenker deg skjoldet som ei skål, so skal oversida venda mot deg). Ha koparpasta på gjengene til skruane før du set dei i.


Gjenging Nye gjenger.

Bremserøyr Pass på at bremserøyret ikkje tek borti bremseskjoldet.




Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional