Attende
Bremser
Framme
English
Framsida Motor Eksos Hydraulikk Fjøring Styring Drivaksling Framaksling Bakaksling Bremser Elektrisk Interiør Eksteriør Diverse
Framme Bak Bremseventil Bremsepedal Lufting Luftenippel Handbremser

Kaliper

Frambremsene er det viktigaste du har på bilen. Dei må alltid vera i topp stand, og kontrollerast ofte. Det er ikkje nok å stola på at varsellampen for nedslite bremsebelegg fungerer (og vanlegvis er ledningane på bremseklossane kutta av).

Bremseklossane (3) må ha tilstrekkeleg med bremsebelegg, og må kunna bevega seg fritt.
Bremseskivene (2) må vera blanke på begge sider, og tilstrekkeleg tjukke.
Alle 4 bremsestempel (6) på kvar kaliper må kunna bevega seg fritt.
Bremseakkumulatoren må vera i orden.


Bremsebelegg
Min. 3 mm

Bremseskive
Min. 18 mm                                      


1 Half-caliper
2 Brake disc
3 Set 4 brake pad (bremseklossar)
4 Brak pad spring
5 Retaining pin
6 Caliper piston
7 Piston seal (støvring)
8 Piston seal (bremsepakning)
9 Caliper seal
10 Drain screw (luftenippel)


Frambrems
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX

11 Bleed screw cap (hette for luftenippel)
12 Brake air defct
13 Caliper screw
14 Disc fix screw
15 Capscrew
16 Capscrew
17 Spring washer
18 Spring washer
19 Wear harness


• Fram- og bakbremsene er uavhengige.

• Bremseakkumulatoren gir reservetrykk til frambremsene.

• Bremseakkumulatoren finn du nedanfor batteriet.

Skjema
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX


Om det hydrauliske trykket skulle forsvinna under køyring, vil du først merka at bilen blir veldig tung på rattet. Du vil fortsatt klara å styra, men du må ta i. Fjøringen vil forsvinna, og bakbremsene vil slutta å virka. Men frambremsene vil fortsatt fungera ei stund, sofram bremseakkumulatoren er i orden.


Skifting av bremseklossar



Bøyle

Ledningane skal inn i ein kort plaststrømpe og under bøylen slik som vist her.


Demontering

  • Reingjer godt.
  • Kopla frå ledningane som stikk ut or bremseklossane (om dei er der).
  • Ta ut låsepinnen (5) (klem inn 4).
  • Ta vekk bøylen (4).
  • Ta ut dei gamle bremseklossane (2x3).

Montering

  • Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
  • Legg inn 2 tynne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar (for å beskytta bremseskiva). Bruk eit stort skrujern el.l. og press alle stempel heilt inn. Ta ut kryssfinerplatene.
  • Set i dei nye bremseklossane (pass på at bremsebelegget vender mot bremseskiva).
  • Smør på eit tynt lag koparpasta på bøylen (4) og legg han på plass. NB! IKKJE få koparpasta på bremseskiva eller bremseklossane!!!
  • Stikk inn låsepinnen (5) og pass på at bøylen går i lås i begge spor på låsepinnen.
  • Kopla til ledningane og sikra dei.
  • Køyr inn bremseklossane.


• Når du skal ta ut dei gamle bremseklossane, kan det henda at dei sit fast. Prøv å slå forsiktig på dei med ein hammar, og lirk dei sidelengs medan du bender dei ut. Bruk deretter ei firkantfil og fil opp sporet der bremseklossane skal bevega seg. Det er meget viktig at dei nye klossane glir lett på plass og kan bevega seg fritt.

• Du kan ha på litt koparpasta på baksida av bremseklossane (sida som vender mot bremsestempel), men pass for all del på at det ikkje kjem noko på bremsebelegget eller bremseskivene!!!


Skifting av bremseklossar
(den grundige måten)


  • Ta ut dei gamle bremseklossane.
  • Legg inn 2 tynne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar.
  • Start bilen og trø hardt på bremsepedalen. Slå av motoren.
  • Ta av halvkaliperen og bremseskiva og fjern kryssfinerplatene.
  • Reingjer og smør alle fire stempel med litt LHM, tørk av dei med eit papir og press dei inn att (VERNEBRILLER!).
  • Monter bremseskiva (må reingjerast godt!), halvkaliperen og nye bremseklossar. (Pass på at klossane til handbremsi er på plass.)
  • Luft bremsene.
  • Køyr inn bremseklossane.

Halvkaliper Halvkaliper, innsida.


Skifting av bremseskive


Demontering

  • Reingjer godt.
  • Ta ut låsepinnen (5) (klem inn 4) og 4.
  • Ta ut bremseklossane (2x3).
  • Løys dei to skruane til handbremsi og juster utover so langt som det går.
  • Skru ut 4x13.
  • Legg ned halvkaliperen (1).
  • Ta utor bremseklossen til handbremsi.
  • Skru ut 2x14 (dersom dei ikkje er vekke).
  • Lirk av bremseskiva (2).
  • Ta utor den andre bremseklossen til handbremsi.
  • Reingjer og smør alle fire stempel med litt LHM, tørk av dei med eit papir og press dei (6) heilt inn (VERNEBRILLER!).

Montering

  • Monter i omvendt rekkefølge.
  • Skift til nye bremseklossar om nødvendig (ogso på handbremsene).
  • Reingjer området der halvkaliperen skal på att og pass på at dei to gummipakningane er på plass (desse bør helst skiftast til nye).
  • Dersom 2x14 er vekke (knekt av) må du skru fast bremseskiva med 3 hjulboltar (slik at ho sit stødig på plass) når du skal justera handbremsi.
  • Luft bremsene.


• 2x14 kan vera vanskeleg å få ut. Vanlegvis får du løyst dei litt, men so er det stopp. Skru dei då heilt inn og ut att mange gonger; dei kjem litt lenger ut for kvar gong, og til slutt losnar dei.
Ha på litt koparpasta før du set dei i att.

• Om du ikkje får laus bremseskiva, kan du gjera føljande:
Reingjer godt, set på att halvkaliperen og monter bremseklossane. Luft bremsene. Ta deretter ogso den andre framhjuli opp i frå. Start og kopla forsiktig inn 1. gear slik at bremseskiva byrjar rotera. Brems hardt. No vil forhåpentlegvis skiva losna.


Å løysa eit stempel som sit fast


  • Ta ut bremseklossane.
  • Skru av halvkaliperen.
  • Ta av bremseskiva.
  • Teikn av stempelet sin plassering på eit matpapir el.l.
  • Sag eit hol (litt større enn stempeldiameteren) i ei tjukk treplate.
  • Monter plata saman med ei tynn kryssfinerplate. Plata du har laga no bør vera so tjukk at ho so vidt smett inn i kaliperen.
  • Set plata inn i kaliperen slik at holet kjem rett overfor stempelet.
  • Skru på halvkaliperen att og luft bremsene.
  • Start bilen og trø inn bremsepedalen. Stempelet sprett no forhåpentlegvis ut.
  • Ta av halvkaliperen og fjern plata.
  • Reingjer og ta ut støvring og bremsering. Etter du har fått spori til desse gullande reine, monterer du i nye.
  • Reingjer og smør stempelet med litt LHM, tørk av det med eit papir og set det i att.
  • Monter bremseskiva (må reingjerast godt!), halvkaliperen og bremseklossane.
  • Luft bremsene.


Trebremseskive
Vil du gjera ekstra bra jobb, kan du laga ei "bremseskive" av tre. Lag to djupe hol til stempel på eine sida som vist på teikningen. Dermed er det berre å setja inn skiva slik at du har eit hol overfor stempelet som sit fast.


Skifting av bremserøyr på kaliper

Varseltrekant Varseltrekant  




• Det nye bremserøyret du monterer må behandlast slik at det vil vara i mange år. Du kan til dømes ha på eit strøk med Owatrol og 2-3 lag med lakk som toler sterk varme. Deretter polering og lakkforsegling.
Hugs ogso å gjera det same med bremserøyret på den andre sida.


Bremserøyr

Demontering

  • Reingjer godt.
  • Ta ut skruane D og E.
  • Skru ut F.
  • Skru av C.
  • Skru av B dersom det ikkje er festebrakett på det nye røyret.

Montering

  • Skru bremserøyret fast til C (hugs koparstoppskive). NB! Pass på at det fleksible bremserøyret C er festa til ikkje blir vridd!!! (Kan vera vanskeleg å få til.) Det må henga i ein fin boge etter at bremserøyret er montert.
  • Skru fast F (pass på at det er koparstoppskiver på begge sider).
  • Skru fast D og E (ha litt koparpasta på gjengene).
  • Luft bremsene.


Bremserøyr

C kan sitja noko forferdeleg fast. (Det kan vera lurt å festa A i ei skrustikke.) Ver forsiktig so du ikkje skadar det nye bremserøyret, dersom du hentar det frå delebil.

• Set helst på nye koparstoppskiver. Om du brukar dei gamle, må dei glødast før montering. (Varm dei opp til dei blir kvitglødande, og legg dei deretter i kaldt vatn.)



Opp
Citroën CX
leirdal.info

Valid XHTML 1.0 Transitional