Nye bremseklossar
Når du har montert nye bremseklossar må dei køyrast inn:
Ta 5 - 8 nedbremsingar frå 80 til 20. Dei første litt forsiktig, og deretter meir og meir brutalt. NB! Pass på at du ikkje har bilar bak!
Ikkje stopp heilt, og fortset å køyra ei stund etter du er ferdig, slik at bremsene får kjølna.
Viktig: Dersom du har foreteke ein kraftig nedbremsing og stoppa heilt, må du ikkje fortsetja å halda bremsepedalen inne; det vil skada bremseskivene. Set i staden på handbremsene.
Det er ogso ein fordel om bilen får trilla litt, slik at dei varme bremseklossane ikkje blir liggande mot bremseskivene på same plassen.